Velkommen til Junior NM i Friidrett 2015

Om Sogn og Fjordane

Om Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylke har omlag 107 000 innbyggarar, fordelt på 26 kommunar. Fylket er særs fjellrikt og har fleire gode lakseelvar. Det er gode forhold for jordbruk og fruktdyrking fleire stader i fylket.

Byrkjelo er eit fint startpunkt for kortare og lengre turar i fylket. Du kan reise til Briksdalsbreen,ein times køyretur unna, for å gå på breen.

Kanskje freistar det med surfing på Stadt? Eller du kan ta turen til Urnes stavkyrkje i Sogn eller verdarvområdet Nærøyfjorden?

Administrativ informasjon om fylket finn du på Sogn og Fjordane Fylkeskommune sine sider. Reisetips og turistmål kan du lese meir om her.