Velkommen til Junior NM i Friidrett 2015

Om Gloppen Kommune

Om Gloppen kommune

Gloppen kommune ligg i hjartet av Nordfjord. Kring 5 800 menneske bur i kommunen, som er den største landbrukskommunen i Sogn og Fjordane.

Friidrettsinteressa i Gloppen kommune er stor, med mange lokale utøvarar og klubbar. Fleire av desse stiller også til start under NM som utøvarar og funksjonærar.

Gloppen og regionen kring er eit flott område med levande bygder, vakker natur og mange flotte turistmål. Mange gler seg til å få friidrettsfolket på besøk. Turen er enkel å få til, anten de kjem med bil, buss eller fly.

På Gloppen.no finn du meir informasjon om aktivitetar, turistattraksjonar og aktuelle hendingar i kommunen. Du kan også ringe servicetorget i kommunen, på 57 88 38 00, for å få svar på aktuelle spørsmål, som ikkje har med sjølve NM å gjere.

 

 

Legg igjen en kommentar