Velkommen til Junior NM i Friidrett 2015

Byrkjelo Stadion

Byrkjelo stadion – 3 x NM i friidrett

Første gang NM i friidrett vart arrangert på Byrkjelo stadion var i 1988, eit arrangement som la eit godt grunnlag for dei seinare Byrkjelo Games. Nyheitsbyrået NTB oppsummerte stemnet som ”tidenes beste hovudmeisterskap”. I løpet av dei tre dagane i august vart det sett 60 personlege rekordar, fem meisterskapsrekordar og to juniorrekordar. Aftenposten sine journalistar  ”førte opp eit stort utropsteikn ved 19-åringen, Geir Moen som storma inn til gull og norsk juniorrekord på 200meteren med 21,50 i finalen, 21,86 i semifinalen”. Og i følgje dei same journalistane omtala statistikarane arrangementet som ”det beste (NM) som nokon gang er arrangert”.

Trine Solberg, no Hattestad, var med sine 22 år ein av dei yngste som hadde fått utdelt Norges Friidrettsforbund ettertrakta gullmedalje, som ho fekk utdelt søndag 14. august. Ho gjekk også av med sigeren i spyd for kvinner.

Kulestøtaren Georg Andersen frå Tjalve og diskoskastaren Mette Bergman frå Fredrikstad fekk Kongepokalane i 1988.

Færre store prestasjonar

11 år etter var norsk friidrettselite nok ein gang samla på Byrkjelo Stadion. Denne gangen kom ikkje dei heilt store resultata. Geir Moen tok nok ein norsk rekord, men det store høgdepunktet var Ketill Hanstveit med 17,27 i tresteg. Noko som betydde ny nordisk rekord. Mest jubel på stadion hausta nok den lokale utøvaren Kristin Roset, GFIL, då ho vann gull på 800 meter.

Ketill Hanstveit og Hanne Haugland stakk av med Kongepokalane i denne meisterskapen.

«Best NM ever»

Dei legendariske orda kom frå friidrettspresident Svein Arne Hansen på avslutningsdagen av NM i friidrett i 2011. Stemnet vart gjennomført i strålande sommarvær, både idrettsprestasjonane og ramma rundt arrangementet var av ypparste klasse. Fasiten vart 65 personlege rekordar, 1 norsk rekord (slegge for kvinner), 1 nordisk rekord (slegge for kvinner), 1 norsk juniorrekord (100 m hekk kvinner), 4 mesterskapsrekordar (Mona Holm, Andreas Thorkildsen, Cathrine Larsåsen og Ingvill Bovim). I tillegg kasta Andreas Thorkildsen  verdas lengste spydkast i 2011, 90,61 meter.

Byrkjelo stadion har vore arrangør av ei rekkje andre store stemner i tillegg til hovud NM, mellom anna Junior NM i 1983 og 1997 :

  • 1982 B-NM
  •  1982 – 1987 Byrkjelo Games
  •  1983 Junior NM
  •  1987 NM i mangekamp og  landskamp Norge/England/Belgia
  •  1988 NM i friidrett
  •  1991 Veteran NM
  •  1993 – 1998 Byrkjelo Games
  •  1997 Junior NM
  •  1999 NM i friidrett
  •  2006 UM i friidrett (Gloppen alliansen)
  •  2011 NM i friidrett
  •  2013 Veteran NM
  •  2015 Junior NM (Byrkjelo alliansen)