Velkommen til Junior NM i Friidrett 2015

Byrkjelo Alliansen

Byrkjelo Alliansen

 

I samband med tildeling av Jr. NM i friidrett 2015, ser ein ny arrangementsmodell dagens lys. Byrkjelo Alliansen, etablert av BBIL og GFIL med 50% eigardel til kvar.


Jr. NM 2015 på Byrkjelo stadion

Det er klart for eit nytt NM i friidrett på Byrkjelo stadion. Jr. NM 2015 er av styret i Noregs friidrettsforbund tildelt Byrkjelo Alliansen. Meisterskapen er for junior i alderen 15-22 år. I tillegg til å vere eit stort arrangement, er det ekstra kjekt å få tildelt meisterskapet til Byrkjelo når ein har så mange unge utøvarar i Gloppen som vil vere med å kjempe om topp plasseringar.

Solide arrangement

Byrkjelo stadion har gjennom fleire tiår vore kjent for store og godt gjennomførte friidrettsarrangement. Indre Breim idrettslag, seinare Breimsbygda idrettslag har ei lang merittliste, krona med 3 hovud-NM, seinast i 2011.

Under NM i 2011 stod BBIL som arrangør og leigde hjelp frå dei andre laga i kommunen, i tillegg til Jølster og Oppstryn. I 2006 og 2013  vart det arrangert UM og veteran-NM i samarbeid mellom alle laga i Gloppen, alle med toppkarakter.

Samarbeid viktig for friidretten

Før jul i 2013 beslutta BBIL å søkje Jr. NM 2015 og inviterte i samband med dette GFIL og dei andre laga i kommunen til samarbeid. Det vart her beslutta at ein skulle etablere ein ny modell og at denne skulle bestå av GFIL (med tilhøyrande friidrettsgrupper i dei andre laga) og BBIL. Eit viktig moment her var å knytte saman BBIL si arrangementserfaring med GFIL sin friidrettskunnskap. Namnet Byrkjelo Alliansen vart valt basert på Byrkjelo sitt «tunge namn» i norsk friidrett.

Vi ser her muligheten til å utvikle eit godt lokalt samarbeid, som vi håpar vil gje friidretten eit ekstra løft i heile kommunen, både på trenar, konkurranse og arrangementssida. Som ein del av dette ser ein for seg eit utvida samarbeid kring Byrkjelo stadion, anlegg og utstyr knytt til friidrett, men og bruk av fasilitetar som Breimsbygda studio.

I tillegg er det eit mål at Byrkjelo Alliansen skal vere ein viktig økonomisk bidragsytar for utvikling av anlegg og utstyr for friidretten og idretten i kommunen.

Prøveprosjekt til 2015

I første omgang er ein einige om at Byrkjelo Alliansen er eit prøveprosjekt til Jr. NM er gjennomført. Samarbeidet vert då evaluert og ein ser om ein vil halde fram og søkje nye arrangement i fellesskap.

Byrkjelo Alliansen skal stå som arrangør av større nasjonale arrangement, medan GFIL i samarbeid med dei lokale friidrettsgruppene held fram med mindre årlege friidrettsarrangement som Sparebankleikane, KM, lagsmeisterskap m.m.